11 kjappe: Signe Fuglesteg Luksengard

Signe Fuglesteg Luksengard. Foto.

ASL?

28, jente, Oslo.

Beskriv deg selv med tre ord.

Nysgjerrig, følsom, vimsete.

Hva jobber du med?

Eg jobbar som frilansfotograf og journalist.

Har du et forbilde?

Begge bestemødrene mine. Dei har pågangsmot, optimisme, er sterke og sta, og ser heile deg. Dei dømmer ikkje, er åpne, jordnære og nøkterne, trygge og gode. I foto og kunst er det mange, men for å nemne eit par: Harley Weir, Wolfgang Tilmanns, Olafur Eliasson, Sarah Sze, Larry Sultan.

En typisk mandag for deg er...?

Enten på opptak eller framom skjermen for å få oversikt over veka – mailing, etterarbeid, ordning.

Hvilken erfaring har preget karrieren din mest?

Då eg sa opp journalistjobben og vart fulltids frilansfotograf. Valet var kjempeskummelt og samtidig veldig enkelt.

Hva har du lært i løpet av det siste året?

I år gav eg ut ei bok. Det har vore veldig lærerikt på alle plan frå søknadsskriving, utval, redigering, trykkeri, papirtype, innsal og utsal, til mediedekning og så mykje, mykje meir.

Når sa du sist ja til noe skummelt?

Det var eit ja for lenge sidan: å faktisk lansere og sleppe boka ut i den verkelege verda var veldig moro og veldig, veldig skummelt.

Hvilket råd ville du gitt deg selv for 10 år siden?

Ikkje stress. Pust med magen. Ha det fint. Følg hjertet. Det ordnar seg.

Hvor ser du deg selv om tre år?

Tre år klokare og visare, forhåpentlegvis jobbande med prosjekt eg brenn for.

Hva er din beste life hack?

Eg er ikkje nødvendigvis så god til å følge det sjølv, men tre gode tips som gjer livet og kvardagen betre: åtte timar på lakenet kvar natt, eit varmt måltid kvar dag, og minst ein fysisk aktivitet i veka.